lørdag 2. november 2013

LAURDAG (London 2013, Aslak)

30. Eg og Big Ben.
(Big Ben i bakgrunnen)

29. Den aller beste spaghettien eg har ete nokon gong.
I alle fall i London.

28. Favorittbutikken til far min.

27. Favoritt-leikebutikken min.

26. Sjørøvarskip av gull
på tokt.

25. Fire hestar på British museum.

24. O-boy, for eit tak.
(British museum)

fredag 1. november 2013

FREDAG (London 2013, Aslak)

 
23. Piccadilly Circus, rett før midnatt.

 22. Bringebærgele, is og nonstop,
 for ein dessert.

21. Den aller beste hamburgeren eg har ete nokon gong.
I alle fall i London.

20. Dette er heimebanen til Arsenal.
Oi, oi.

19. Dette var far min sin idè.

18. Me kjøpte opp heile butikken, me.
Nam, nam.

 17. Dette er verdas største tre.
PS. som er hogd opp da.

16. Dei andre på dette biletet skjønte ingenting,
så eg måtte læra dei litt om bølgjer.

15. Rulletrapptur gjennom
jordas indre.

14. To som hadde venta lenge på servering. 

13. Dette er stort, ingen tvil om det
(Naturhistorisk museum).

12. Dette var veldig god sjokolade-frukost.

torsdag 31. oktober 2013

TORSDAG (London 2013, Aslak)

 11. Den aller beste hamburgeren eg har ete nokon gong. I alle fall i London.
 10. Her leikar eg at eg kan lesa engelsk.
 9. Eg øydela fingeren min i eit magnetisk apparat, men ho her sette på eit enormt stort plaster.
8. Eg er ikkje heilt sikker, men trur dette eksperimentet handla om tyngdekrafta.
7. På Science Museum. Eg forstod ikkje eit ord, men det var kjekt å trykka på skjermane der.
6. På Science Museum måtte me hengja frå oss jakkene i kloakkrommet.
5. Eg tok berre med meg dette skoparet til London. Halvgod ide.
  
4. På Flesland gjorde eg eit skikkeleg kupp.

ONSDAG (London 2013, Aslak)

3. Her er eg på Gatwick, ein flyplass rett sør for London.
Flyet me var ute og flaug med i bakgrunnen.


2. Her kikar eg ut frå vindauga i flyet. Eg var litt usikker
før avgang, men det var ein kanonartig tur.


1. Før avreise. Endeleg fri frå skulen nokre dagar.