mandag 10. mars 2014

MÅNDAG (Stockholm 2014, Ivar)

30. Til slutt spelte eg slåstespel igjen, i nesten fire timar utan stopp.

29. Far min kjøpte ei rar suppe.

28. Så måtte eg spela litt slåstespel igjen.

27. Eg og far min spelte litt flipperspel.

26. Det var morosamt å spela eit slåstespel eg ikkje veit namnet på.

25. Det var morosamt å køyra gravemaskin.

24. I dag gjekk me til Teknisk Museum.

søndag 9. mars 2014

SUNDAG (Stockholm 2014, Ivar)

23. Eg kjøpte ei kjempegod varm pølse. Og fekk grøne flekkar på meg på kjøpet.

22. Eg fann ekte gull òg.

21. Eg fann ein ekte diamant.

20. Det var kjekt å ri på ei padde, for ein gongs skuld.

19. Den finaste fuglen på heile museet.

18. Naturhistorisk museum - det var veldig morosamt der.

17. Kul undergrunnsbane.

16. Lengste rulletrappa eg har køyrt nokon gong.

15. Det var morosamt å skriva reisedagbok.

lørdag 8. mars 2014

LAURDAG (Stockholm 2014, Ivar)

14. Stockholm er ein stor by, ass.

13. Ballongtreet.

12. Eg har aldri vore så nær svaner før.

11. Veks det eigentleg bananer i Sverige?

10. God lunsj - sjokoladekjeks, digg og Pepsi-Cola.

9. Det var kjekt å vera på Vasamuseet.

8. Kva er det for noko tull dei har lagt i vasken?

fredag 7. mars 2014

FREDAG (Stockholm 2014, Ivar)

7. Hotellet vårt på Skeppsholmen.

6. Tanna mi er ute. Omsider.

5. Klukk-klukk.

4. Eg ser ikkje noko is her, eigentleg.

3. Kul sklie, hæ? 

2. Rommet på Hotell Skeppsholmen var litt lite. Det var akkurat passeleg.


1. Det var kjekt på flyet. Eg sat i sete 19F.